Yrkesdykking

Ein yrkesdykkar er aktiv, nøyaktig og har gode samarbeidsevner. Det er ein fordel om du er praktisk innstilt, likar utfordringar og er villig til å ta initiativ. Ein yrkesdykkar er først og fremst ein fagperson som gjer arbeid under vatn.

Som yrkesdykkar er du involvert i for eksempel berging ved skipsforlis, tilsyn med havbruk og registrering av marinarkeologiske funn. Yrkesdykkinga i Noreg har to retningar, dykking innanskjers og dykking i Nordsjøen. Begge retningar blir dekka av denne utdanninga.

Høgskulen på Vestlandet Studiested: Bergen