Masterprogram i ernæring – Human ernæring

Målet med studieretninga er å gi deg kjennskap til biokjemiske og fysiologiske mekanismar for fordøying og stoffskifte av ulike næringsstoff. Du skal også lære kva for verknad kosten har for god helse. Problemstillingane blir definerte innan området ernæringsfysiologi med særlig fokus på marine ressursar.

Human ernæring er ei tverrfagleg studieretning sett saman av emne frå fleire fagmiljø, og er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, human ernæring, bioingeniørutdanning eller tilsvarande utdanning på minimum 3 år (180 studiepoeng).

Masterprogrammet i human ernæring er eit naturvitskapleg masterprogram med medisinsk retning knytt opp mot forskingsmiljø ved ulike institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Haukeland universitetssjukehus og/eller Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES).

Studiet kvalifiserer mellom anna for forsking ved universitet, forskingsinstitutt, i helsevesenet, større selskap, farmasøytisk industri, og arbeid som saksbehandlar innanfor offentleg forvalting, lektor (på det vilkåret at du har pedagogiske fag i tillegg) og rådgivar i ernæringsrelaterte spørsmål.