Akvamedisin/Fiskehelse – master (5-årig)

Akvamedisinstudiet er et integrert masterprogram som går over fem år. Fullført studium i akvamedisin gir lovregulert rett til yrkestittelen fiskehelsebiolog, og er ett naturvitenskaplig studium hvor en trenes i å forebygge, diagnostisere og behandle sykdom hos fisk.

Kva gjer ein fisk sjuk? Korleis kan ein hindre utbrot av sjukdom? Å forstå biologien til organismar og korleis immunsystemet til fisken fungerer, er viktig for å ha ei berekraftig oppdrettsnæring.

På studiet lærer du om alle dei aspekta som heng saman med helse og sjukdom hos akvatiske organismar. Du får grundig innsikt i infeksjonssjukdomar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar, i tillegg til andre forhold som er viktige for helse, slik som miljø og ernæring. Du lærer om korleis sjukdom påverkar fisken, om førebyggande tiltak og diagnostikk, og om korleis ein behandlar sjukdom.

Studiet kvalifiserer deg til å bli autorisert som fiskehelsebiolog. Fiskehelsebiologar kan førebyggje og behandle sjukdommar hos akvatiske organismar og skrive ut reseptar på legemiddel til havbruksnæringa.