Forsker / Seniorrådgiver

Som forsker i Møreforskning har Kari Lisbeth Fjørtoft besøkt internasjonale marknader og møtt mange spanande folk. Opp gjennom åra har ho hatt mange interssante prosjekt der ho har fått kunnskap om ulike deler av fiskerinæringa langs heile verdikjeda.

Hva er bakgrunnen din?

Eg er fiskerdotter og har vakse opp med fiskerinæringa. Eg har vore med å pussa båt og vore med på sjøen som mannskap og jobba på fiskebud. Etter vidaregåande jobba eg på eit oppdrettsanlegg (Møre Edelfisk) der dei hadde heile verdikjeda frå stryking/rogn til slakting. Eg jobba mest med foring av matfisk, men var innom alle delane i produksjonen. Etter eit år der hadde eg nok praksis til å kome inn på Fiskerikandidatstudiet i Tromsø. Dette var kjekke og lærerike år med godt studentmiljø. Etter studiet i Tromsø fekk eg tildelt eit stipend der eg kunne jobbe eit år i Spania. Der jobba eg i eit spansk importfirma av fisk. Der lærte eg m.a. språk og kultur. Språk og kulturforståing har eg drege mykje nytte av. Eg fekk også erfare kor mykje god og variert sjømat spanjolane har.

Hvorfor valgte du akkurat dette yrket?

Etter at eg kom tilbake frå Spania mangla eg jobb. Eg fekk tilbod om eit vikariat i Møreforsking og har vore her sidan. Eg starta med eit prosjekt der det skulle utarbeidast eigenkontrollsystem for rekeflåten. I samband med det var eg på over 20 reketrålarar og kombinasjon reke/kvitfisk på felta Jan Mayen, Øst-Grønland, Barentshavet og Flemish Cap. Det var ei stor oppleving. Etter det prosjektet vart det meir marknadsrelaterte prosjekt.

Hva er de viktigste arbeidsoppgavene dine?

Kort fortalt gjennomfører eg mellom anna marknadsanalyser/undersøkingar for å identifisere kundar, marknadsbehov og ønskjer for ulike produkt. I samband med det blir det reising i ulike marknader. Eg jobbar også med merkevarebygging, og ein del utrednings- og utviklingsprosjekt.
Jobben inneber også utforming av prosjekt­skisser/søknader og rapportering. Eg har ansvar for det økonomiske, med budsjettering og oppfølging i prosjekta. Arbeidsdagen er variert og vi planlegg stor sett dagane sjølv. Noko av det kjekkaste med jobben er den nære kontakta og samarbeidet med fiskarar, fiskeindustri, eksportørar og diverse organisasjonar.

Hvordan er miljøet på arbeidsplassen?

På Møreforsking har vi folk med ulik bakgrunn langs heile verdikjeda og i mange av prosjekt jobbar vi tverrfaglig med verdikjedefokus. Vi har eit godt og internasjonalt miljø med tilsette frå Tyskland, Frankrike og USA.

Har du noen gode råd til andre som har lyst på samme jobb som deg?

Dette er ei spennande og framtidsretta næring. Det finst utruleg mange muligheiter for dei som ønsker å jobbe innanfor sjømat. Sjømat er framtida – frå fiske til marknad. Medan eg studerte jobba eg kvar sommar på oppdrettsanlegg (Gladlaks på Fjørtofta) – fora smolt og matlaks, vedlikehold og dykking etter daufisk (i mærane). Mitt råd er, sjølv om det ikkje er eit krav for å studere, er å få praktisk erfaring på båt, oppdrett, industri eller noko anna innan fiskerinæringa om ein har muligheit. Ein får ei veldig god erfaring å ta med seg med å jobbe praktisk og å bli kjent med fiskerinæringa. Etter mi meining er det uvurderlig. Ein må og finne ut kva ein liker best, for det er så mange område ein kan knytte opp mot sjømatnæringa – biologi, kjemi, teknikk, foredling, mikrobiologi, økonomi, marknadsføring osv. Som forsker finnes det mange områder ein kan jobbe innan og spesialisere seg.